Om oss

Matglede frå Bakkebø vert drive av Lise Brandal og Jostein Bakkebø. Produksjonslokala er i eit ombygd grisehus. Det inneheld lokale for ysteri, kjøtforedling, lokale for catering og bakst og gardsutsal. Garden har vore i slekta i minst 400 år. Her har vi kyr og kalvar av rasen Jersey. Dei produserer råstoffet til kjøtprodukta våre.

Vi nyttar tradisjonelle handverksmetodar utan noko form for tilsetningsstoff til produkta våre. Der det er mogeleg nyttar vi oss av lokale råvareleverandørar. Mellom anna får vi lam og får frå Hildegunn og Arve Arstein på Lone, og vi har gravlaks og ulike typar røykjelaks frå Svanøy.