Kjøt for tinging

Kalvekjøt.
Vi har Jerseykyr på garden vår. Oksane vert slakta når dei er opp mot 8 månadar. Dei vert slakta på Nortura sitt anlegg i Førde som ligg ca 6 mil frå garden vår.
Vi tek alle slakt attende til oss for nedskjering og foredling.
Mange kokkar meinar Jerseykjøtet er det aller beste når det gjeld matlaging. Jerseyrasen har møyrare kjøt med finare muskelfibrar og meir intramuskulært feitt enn andre kjøtrasar.

Ferskt kalvekjøt
Vi kan tilby ferskt kalvekjøt som er oppdelt og vakumert. Vi sel kjøtet i øskjer som inneheld eit sjettedels eller eit kvart dyr. Dette må tingast på førehand og so tek vi kontakt når ordren er klar for utlevering.

Den minste øskja med ein sjettedel kalv veg omlag 10-15 kg. kr. 200,- pr. kg.
Ho kan innehalde: steikjer, grytekjøt, sosekjøt og kverna kalvekjøt utan salt eller vatn.

Den største øskja med ein kvart kalv veg omlag 18- 23 kg. kr. 200,- pr. kg.
Ho kan innehalde filetar, steikjer, grytekjøt, sosekjøt, kalveskank og kverna kalvekjøt utan salt og vatn.

Svineribbe (pinnekjøt av svin)
Til jul lagar vi og den lokale varianten av svineribbe. Ho er utan svor, salta og tørka eller utan svor, salta, tørka og lettrøykt. Ho skal handsamast på same måte som pinnekjøt men treng kortare trekkjetid. Ekstra god når ho vert skjerpa i omnen.
Vi tek mot tinging av denne ribba alt no for levering til jul. Vi tek kr 225,- pr kg for tørka ribbe.

Frose kalvekjøt for plukk og miks.
Vi kan tilby stykningsdelar og foredla produkt frå gardsutsalet vårt. Dersom vi skal levere det gjennom
REKO-ringen Førde er minstekjøp 3 kg totalt. I utsalet sel vi alt i små pakningar.

Entrecote kr. 350,- pr. kg.
Ytrefilet/indrefielt kr. 390,- pr. kg.
Grytekjøt kr. 220,- pr. kg.
Rundsteik kr. 275,- pr. kg.
Flatbiff kr. 275,- pr.kg.
Bogsteik kr. 220,- pr.kg.
Kverna kalvekjøt kr. 140,- pr. kg.
Kraftbein kr. 50,- pr. kg.
Sosekjøt med noko bein kr. 160,- pr. kg.
Kalveskank kr. 160,- pr. kg.

Foredla varer:
Kalvekarbonadar kr. 177,-pr. kg.
Gardspylser kr. 191,- pr. kg.
(kalv,lam,gris)
Krydderpylser med ramslauk kr. 205,- pr. kg.
(kalv og gris)
Kalvepylser, reine kr. 165,- pr. kg.
Kalverull kr. 350,- pr. kg. (Ein rull er ca 400-450 gram).

Samtlege er utan egg, mjølk, soya og egg.

Hjortekjøt
Vi har hjortekjøt for sal i stykningsdelar.
Dette kjøtet er vakumert og frose.

Bogsteik kr. 280,- pr. kg.
Grytekjøt kr. 250,- pr. kg.
Mørbrad kr. 390,- pr. kg.
Flatbiff kr. 390,- pr. kg.
Rundbiff kr. 390,- pr. kg.
Indrefilet kr. 420,- pr. kg.
Ytrefilet kr. 420,- pr. kg.